简介:
Katrine Moholt (f. 21. september 1973 i Nannestad, Noreg) er ein norsk programleiar og songar.
Moholt har skuespillerutdannelse frå Rom 更多>
Katrine Moholt (f. 21. september 1973 i Nannestad, Noreg) er ein norsk programleiar og songar.
Moholt har skuespillerutdannelse frå Romerike Folkehøgskole og Teaterakademiet. Moholt starta sin fjernsynskarriere i TVRomerike der ho jobba som nyhetsoppleser og programleiar frå 1997. I 2001 vart ho kapra av TV 2 der ho starta med programmet Gjett kva eg gjer. Ho har òg vore programleiar i gameshowet Tre gode naboar og virkelighetsdramaet Nr. 19, men ho er mest kjent for sin programlederrolle i det populære TV-programmet Jakten på kjærligheten. Våren 2006 vant ho dansekonkurransen Skal vi danse på TV 2. Utover dette har medverka som skodespelar fór blant anna humortrioen i KLM. Moholt vann publikumsprisen under Gullruten 2006 og Medierosen hausten 2006.
I 2007, 2008 og 2009 var Moholt programleiar saman med Tommy Steine i TV-programmet Allsang på grensen på TV 2 og i 2010 hadde ho med seg ulike gjesteprogramleiarar.
I 2008 kom debutalbuma hennar &Sweethearts&, som vart utgjeve gjennom Slagerfabrikken hos Universal Music Group.
Katrine Moholt er gift og har to born.